Vi fikk i oppgave å skrive en bok anmeldelse av boka Kaninbyen på nynorsk, så her er den:
Kaninbyen er ei nynorsk bok kor handlinga forgår i Stavanger by. Forfattaren heiter Arild Rein som blei født 1960. Han kjem frå Stavanger og har blant anna skreve Stavangertrilogien som består av Hundedagane, Grisekoret og ”Kaninbyen”. Kaninbyen er ei bok som vart skrevet i 2004. Temaet i boka er hat mot rike nordmenn. Forfattaren skriv sosialrealistiske og hardspekka kriminalromanar og det får du også sjå i denne boka. Boka Kaninbyen blei valt ut som den boka alle i Stavanger skulle lese når stavanger var kulturbyen 2008. Her har du eit kort handlingsreferat og kva eg syns om boka.
Boka ”Kaninbyen” handlar om ein mann som heiter Jonny Roxmann. Han er ein tidligare politimann i midten av trettiåra, som lever på forsikringssvindel og steling. Etter at mora fann seg ein ny, rik mann frå Stavanger, overtok Jonny leilegheita til mora. Leilegheita leiger han ut som eit bordell, mens han sjølv bur i kolonihage hytta si. Han får mykje klagar for dette, men det er ikkje noko som bryr han. Jonny hatar verkeleg Stavangerfolk, og dette legger han heller ikkje skjul på. Heila boka handlar om korleis Jonny skal skaffa seg pengar ved å selja bakte poteter på Gladmatfestivalen. Han stal bacon frå forskjellige Coop butikkar og dyrka potetane sjølv så det blei ingen utgifter. Oppi alt dette treffer han ei utanlandsk jente som heiter Kim og dei får etter kvart eit forhold. På grunn av at Jonny ljug meir enn han seier sanninga, slår Kim opp med Jonny. Slik sluttar boka.
Grunnen til at boka heiter Kaninbyen er fordi Stavanger kryr av kaninar og dette er noko Arild Rein har merka seg. Han samanliknar menneska i Stavanger med kaninar. I gjennom store delar av boka kommenterar han at stavangerfolk knullar som kaninar. Ein annen ting som eg såg når eg lese boka var at me får eit inntrykk av at forfattaren generelt ikkje likar rike og velståande folk. Jonny kommenterar ofte berre stygge ting om dei rike i Stavanger og har ikkje anna enn stygge ting å seie om dei.
Denne boka ligg på botn av romanar verda over. Eg personleg har aldri lese ein så dårleg bok som denne. Ein roman skal du kunne kjenna deg sjølv igjen i og du skal kunne leva deg inn i personane og deira liv. Dette er umuleg i denne boka. I slutten av boka får du berre lyst til å skyte Jonny (hovudpersonen) i hovudet og berre bli ferdig med heila historia. Du får ikkje noko med følelse til hovudpersonane i boka sjølv om dei har det vondt, fordi det går absolutt ikkje an å kjenna seg igjen i miljøet i boka.
Det som gjer det lett å henga med i historia, er at forfattaren bruker sted namn som du kan kjenna deg igjen i. Dette er berre ein fordel for personar som bur i Stavanger og bør i alle fall ikkje lesas av andre som ikkje kan kjenna seg igjen. Det er det einaste som kan gjer at boka er lettare å henga med i (for stavangerfolk), men elles er det vanskeleg å følgja med i handlinga i boka.
Han brukar mykje banneord, og det første du ser når du opnar boka er ”faen”. Dette er noko som trekk ned på leselysta mi. Ei roman skal ikkje innehalde banneord etter mi meining, noen få går greitt, men denne boka er litt i overkant. Hovudpersonen banner i kvar setning han seier eller tenkjar og du blir til slutt veldig lei.
Dette er ei bok eg absolutt ikkje vil anbefala til nokon. Den er dårleg skrevet, har mykje bannerord og du kan ikkje kjenna deg igjen i personane. Detter er nokon av faktorane som gjer denne boka dårleg. Handlinga er vanskeleg å følga med på, og historia er så langt ifrå verkelegheita som det går an å bli. Viss eg skulle gitt denne boka eit terningkast, hadde det blitt ein soleklar 1…
Kjelder:
Rein, Arild. Knainbyen, 2004. Samlaget, roman.
Johannesdottir, blogg. Anmelding av kaninbyen. Lokalisert:14.04.11. URL: http://johannesdottir.blogspot.com/2009/01/anmelding-av-kaninbyen.html
Wikipedia. Rein, Arild. Lokalisert: 14.04.11. URL: http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar